Hopp til innhold

Er du ung instrumentalist? (Akademiet 2022)

Vi søkjer unge instrumentalistar til Sommarakademiet Opera ved fjorden 28. juni - 2. juli. Søknadsfrist 1. april 2022.

KORLEIS SØKJER DU

Vi tilbyr 24 plassar i årets akademiorkester:

Fiolin: 9 plassar
Bratsj:
3 plassar
Cello:
2 plassar
Kontrabass
: 1 plass
Fløyte
: 1 plass
Obo:
1 plass
Klarinett:
2 plassar
Fagott:
2 plassar
Horn:
1 plass
Trompet
: 2 plassar

Du skal fylle ut dette søknadsskjemaet:

https://forms.office.com/r/Td8ygzpfQT

Merk at alle som søkjer på sommarakademiet må betale eit søknadsgebyr på NOK 300 via Vipps til Bergen Nasjonale Opera nr 132655 eller PayPal (direkte lenke) når dei sender inn søknaden. Jf. eige punkt i søknadsskjemaet.

I søknadsskjemaet legg du lenker til opptak av eit sjølvvalt solostykke og 1-2 korte orkesterutdrag frå operalitteraturen, pluss lenke til CV.

Her finn du lista over PDFar for kvart instrument med orkesterutdraga du skal velje frå:

https://bno.no/akademi-repertoar

OM VIDEOANE
Merk at vi berre vil ha klikkbare og ikkje passord-beskytta lenker som fører direkte til ein video du har spelt inn, og deretter lasta opp på YouTube eller liknande. Du kan altså IKKJE leggje ved video-filer som må lastast ned.

OPERA VED FJORDEN 2022
Bergen Nasjonale Opera gjentar suksessen frå pilotprosjektet i fjor, og arrangerer no eit nytt og større sommarakademi tysdag 28. juni - laurdag 2. juni som blir avslutta med ein konsert i Oseana kunst- og kulturhus 2. juli.

I år jobbar vi spesielt med einaktaren Gianni Schicchi av Puccini saman med regissøren Ivar Tindberg, men også med ulike song-ensemble og sjølvvalde ariar. (Songarar, repetitørar og dirigentar startar kurset allereie 25. juni.)

Bergen Nasjonale Operas sommarakademi rettar seg mot unge songarar, orkestermusikarar, dirigentar og repetitørar som er under utdanning, eller som nyleg er ferdigutdanna. Du som deltar får arbeide med dyktige pedagogar, coachar, orkestermusikarar og dirigentar - alle med erfaring frå store operahus eller symfoniorkester verda over.

I årets akademiorkester skal 24 unge instrumentalistar få spele saman med 9 profesjonelle, som også fungerer som gruppeleiarar.

Det blir også lagt opp til individuell undervisning i orkesterutdrag frå operalitteraturen, pluss tilbod om eit test-prøvespel (mock audition), med alle lærararane som «jury». Her får du ein unik sjanse til å få ærlege og konstruktive tilbakemeldingar, som du aktivt kan lære av og jobbe med, før du skal ut på arbeidsmarknaden og delta i reelle prøvespel. Meir informasjon om test-prøvespelet får du seinare, dersom du får plass som akademist.

KUNSTNERISK TEAM

Kunstnerisk leiing:
Eivind Gullberg Jensen
, operasjef for Bergen Nasjonale Opera og sjefdirigent for Noord Nederlands Orkest
Sascha Goetzel, påtroppande kunstnerisk leiar for Orchestre National des Pays de la Loire og National Youth Orchestra of Canada, og første gjestedirigent for Sofia Filharmoniske Orkester

Vokalpedagogar:
Solveig Kringlebotn, sopran og professor i song ved Operahøgskolen og Barratt Due Musikkinstitutt i Oslo
Michael Schade
, tenor og professor ved Universität für Musik und darstellende Kunst i Wien
Kristin Okerlund, pianist og vocal coach frå Wiener Staatsoper
Hans-Otto Ehrström, pianist og vocal coach frå Finlands nasjonalopera i Helsinki

Orkesterpedagogar:
1. fiolin:
Lars Bjørnkjær, konsertmeister i Det Kongelige Kapel i København.
2. fiolin:
Alexander Chojecki, gruppeleder 2. fiolin, GöteborgsOperan
Bratsj:
James Opie, alt. gruppeleiar bratsj, Kungliga Hovkapellet (Operan) i Stockholm
Cello:
Kati Raitinen, solocellist, Kungliga Hovkapellet (Operan) i Stockholm
Kontrabass:
Patrick Wilder, alt. solokontrabassist i Operaorkesteret, Den Norske Opera & Ballett
Treblås:

Karl-Heinz Schütz, solofløytist Wiener Philharmoniker
Steffen Blindheim, solo engelsk horn og oboist i Malmö SymfoniOrkester
Messing:

Rune Brodahl, solohornist i Operaorkesteret, Den Norske Opera & Ballett
Pauker:
Manuel Hofstätter, paukist i Bergen Filharmoniske Orkester

TID OG STAD
Dato:
28. juni – 2. juli

Kurs- og konsertstad: Oseana kunst- og kultursenter, sør for Bergen

Overnatting: Veteranbåten M/S Sunnhordland. Med kort gangavstand til Oseana.

Avslutningskonserten blir kl 18:00 laurdag 2. juli

Det er mogeleg å overnatte til søndag 3. juli, med frukost før avreise.

ALDERSGRENSE OG DELTAKARAVGIFT

Alder for instrumentalistar i akademiorkesteret: 18-30 år

Deltakaravgift: NOK 2500 (dele lugar)

Inkluderer all undervisning, overnatting og tre måltid per dag.

OPPTAK OG STØTTEORDNINGAR
Det finst ulike økonomiske støtteordningar både nasjonalt og regionalt, så sjekk for eksempel hos Kulturrådet, og hos kulturavdelinga i kommunen din.

Har du spørsmål om akademiet? Kontakt nicolai(AT)bno.no

Opera ved fjorden - Sommarakademi blir arrangert av Bergen Nasjonale Opera i samarbeid med Oseana kunst- og kultursenter, og er støtta av Grieg Foundation, Sparebankstiftelsen DnB, Talent Norge, Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest og GC Rieber Fondene.

Med atterhald om endringar, også pga korona-situasjonen.

Siste nyheter

Storm

En stormende tragedie

I Katja Kabanova rives vi med fra første stund. Tekst og musikk er pakket sammen som om det gjaldt livet - og det gjør det. Janáček viser oss opera på sitt beste når han bretter ut sin musikalske rikdom over et heftig drama om ung kjærlighet.

Katja Kabanova

Kva skjer i Katja Kabanova?

Katja drøymer om å vere fri som fuglen. Men ho er fanga i eit ulukkeleg ekteskap, og med ei brutal svigermor som kontrollerer både henne og ektemannen. Så kva gjer ho når den sjarmerande Boris dukkar opp? Her er handlinga i Janáčeks opera, som har premiere hausten 2023.

Stillbilde Leif Ove Andsnes og Eivind 10

Dilla på Dvořák

Har du eit favorittstykke av Dvořák? Eller kjenner du ingenting av han, meiner du? Bli med til Tsjekkia og USA – og på måneferd med Neil Armstrong – i dette utvalet med seks av hans klassiske hits utanom Rusalka.

Leif Ove Andsnes og Eivind Gullberg Jensen

- Melodiene er fantastiske

- Dvořák har det samme talentet som de store operakomponistene Mozart og Verdi, sier pianist Leif Ove Andsnes. Her hører du han spille utdrag fra Rusalka.