Hopp til innhold

Er du ung dirigent? Søk her på sommarakademiet Opera ved fjorden 2022

Vi søkjer unge dirigentar til Sommarakademiet Opera ved fjorden 25. juni - 2. juli. Søknadsfrist 1. mars 2022.

KORLEIS SØKJER DU

Vi tilbyr plass til 2 dirigentar.
Du skal fylle ut dette søknadsskjemaet:

https://forms.office.com/r/Td8ygzpfQT

I søknadsskjemaet legg du lenker til 1-2 videoopptak, pluss lenke til CV.

Merk at alle som søkjer på sommarakademiet må betale eit søknadsgebyr på NOK 300 via Vipps eller PayPal (direkte lenke) når dei sender inn søknaden. Jf. eige punkt i søknadsskjemaet.

OM VIDEOANE
Merk at vi berre vil ha klikkbare og ikkje passord-beskytta lenker som fører direkte til ein video du har spelt inn, og deretter lasta opp på YouTube eller liknande. Du kan altså IKKJE leggje ved video-filer som må lastast ned.

OPERA VED FJORDEN 2022
Bergen Nasjonale Opera gjentar suksessen frå pilotprosjektet i fjor, og arrangerer no eit nytt og større sommarakademi laurdag 25. juni – laurdag 2. juli 2022, som blir avslutta med ein konsert i Oseana kunst- og kulturhus 2. juli.

Dei to dirigentstudentane får ein komplett opplæringspakke i det å vere operadirigent, med både rettleia songar- og orkesterprøver, samt ansvar for eige repertoar på avslutningskonserten.

Songarane, dirigentane og repetitørane startar kurset 25. juni, medan musikarane i akademiorkesteret startar litt seinare, dvs 28. juni.

I år jobbar vi spesielt med einaktaren Gianni Schicchi av Puccini saman med regissøren Ivar Tindberg, men også med ulike song-ensemble og sjølvvalde ariar.

Bergen Nasjonale Operas sommarakademi rettar seg mot unge songarar, orkestermusikarar, dirigentar og repetitørar som er under utdanning, eller som nyleg er ferdigutdanna. Du som deltar får arbeide med dyktige pedagogar, coachar, orkestermusikarar og dirigentar - alle med erfaring frå store operahus eller symfoniorkester verda over.

Det spesielle med vårt akademi er at songarane får synge med orkester, både scenisk og som konsertsongarar. Undervisninga blir sett inn i ein større samanheng der fleire sider enn det reint vokale blir berørt.

I årets akademiorkester skal 24 unge instrumentalistar få spele saman med 9 profesjonelle, som også fungerer som gruppeleiarar.

KUNSTNERISK TEAM

Kunstnerisk leiing:
Eivind Gullberg Jensen
, operasjef for Bergen Nasjonale Opera og sjefdirigent for Noord Nederlands Orkest
Sascha Goetzel, påtroppande kunstnerisk leiar for Orchestre National des Pays de la Loire og National Youth Orchestra of Canada, og første gjestedirigent for Sofia Filharmoniske Orkester

Vokalpedagogar:
Solveig Kringlebotn, sopran og professor i song ved Operahøgskolen og Barratt Due Musikkinstitutt i Oslo
Michael Schade
, tenor og professor ved Universität für Musik und darstellende Kunst i Wien
Kristin Okerlund, pianist og vocal coach frå Wiener Staatsoper
Hans-Otto Ehrström, pianist og vocal coach frå Finlands nasjonalopera i Helsinki

Orkesterpedagogar:
1. fiolin:
Lars Bjørnkjær, konsertmeister i Det Kongelige Kapel i København.
2. fiolin:
Madelene Berg, gruppeleiar 2. fiolin i Operaorkesteret, Den Norske Opera & Ballett
Bratsj:
James Opie, alt. gruppeleiar bratsj, Kungliga Hovkapellet (Operan) i Stockholm
Cello:
Kati Raitinen, solocellist, Kungliga Hovkapellet (Operan) i Stockholm
Kontrabass:
Patrick Wilder, alt. solokontrabassist i Operaorkesteret, Den Norske Opera & Ballett
Treblås:

Karl-Heinz Schütz, solofløytist Wiener Philharmoniker
Steffen Blindheim, oboist i Malmö Symfoniorkester
Messing:

Rune Brodahl, solohornist i Operaorkesteret, Den Norske Opera & Ballett
Pauker:
Manuel Hofstätter, paukist i Bergen Filharmoniske Orkester

TID OG STAD
Dato: 25. juni – 2. juli

Kurs- og konsertstad: Oseana kunst- og kultursenter, sør for Bergen

Overnatting: Veteranbåten M/S Sunnhordland. Med kort gangavstand til Oseana.

Avslutningskonserten blir kl 18:00 laurdag 2. juli

Det er mogeleg å overnatte til søndag 3. juli, med frukost før avreise.

ALDERSGRENSE OG DELTAKARAVGIFT
Alder for dirigentar: 18-35 år

Deltakaravgift: NOK 5000 (dele lugar) / NOK 8000 (åleine på lugar)
Inkluderer all undervisning, overnatting og tre måltid per dag.
Merk at talet på enkeltlugarar er begrensa, så alle er ikkje garantert enkeltlugar.

OPPTAK, STØTTEORDNINGAR OG SVAR
Dirigentar får svar rundt 15. mars.

Det finst ulike økonomiske støtteordningar både nasjonalt og regionalt, så sjekk for eksempel hos Kulturrådet, og hos kulturavdelinga i kommunen din. Bergen Nasjonale Opera har som mål å lansere to ulike støtteordningar: Eit Fellowship- og eit Scholarship-program. Detaljar blir lanserte våren 2022.

Har du spørsmål om akademiet? Kontakt nicolai(AT)bno.no

Opera ved fjorden - Sommarakademi blir arrangert av Bergen Nasjonale Opera i samarbeid med Oseana kunst- og kultursenter, og er støtta av Grieg Foundation, Sparebankstiftelsen DnB, Talent Norge, Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest og GC Rieber Fondene.

Med atterhald om endringar, også pga korona-situasjonen.

Siste nyheter

Den Glade Enke 2.0

Hva skjer i Den glade enke?

I den nye versjonen av Den glade enke er vi ikke lenger på en ambassade i Paris anno 1905, men på et konkurstruet teater i dagens Bergen.

Team Opera ved fjorden 2021

Gjentar suksessen med sommerakademiet Opera ved fjorden

– Eg er svært glad for å fortelja at det også vert opera-akademi til sommaren, seier operasjef Eivind Gullberg Jensen. Bergen Nasjonale Opera gjentar nemleg suksessen frå pilotprosjektet i 2021, og arrangerer no eit nytt og større Opera ved fjorden sommarakademi i 2022.

Opera ved fjorden - sommerakademi 2022

Opera ved fjorden - sommarakademi 2022

Vi søkjer unge songarar, instrumentalistar, dirigentar og repetitørar til sommarakademiet Opera ved fjorden, der m.a. einaktaren Gianni Schicchi skal framførast 2. juli.