Opera ved fjorden - sommarakademi 2023
Er du ein ung repetitør? Søk her på sommarakademiet Opera ved fjorden 2023
Bergen Nasjonale Operas sommarakademi rettar seg mot unge songarar, orkestermusikarar, dirigentar og repetitørar som er under utdanning, eller som nyleg er ferdigutdanna. Du som deltar får arbeide med dyktige pedagogar, coachar, orkestermusikarar og dirigentar - alle med erfaring frå store operahus eller symfoniorkester i Norden og Austerrike.
Kursperiode for repetitørar, songarar og dirigentar er 24. juni – 1. juli. (For orkesteret: 27. juni – 1. juli.)
DETALJAR OM AKADEMISTPLASSANE
- 2 repetitørar
- Aldersgrense: 18-35 år
- I tillegg deltek 14 songarar, 3 dirigentar og 25 orkestermusikarar
- Som repetitørstudent får du jobbe tett med dei to proffe vocal coach/repetitørane, og også dei to dirigentane frå den kunstneriske leiinga på prøvene med songarane
- Hovudverk er 4. akt av La bohème (Puccini) og ein forkorta Flaggermusen (Strauss d.y.). I tillegg blir det ein eigen ariekonsert.
KUNSTNERISK LEIING
Eivind Gullberg Jensen, operasjef for Bergen Nasjonale Opera og sjefdirigent for Noord Nederlands Orkest
Sascha Goetzel, kunstnerisk leiar for Orchestre National des Pays de la Loire og National Youth Orchestra of Canada, og første gjestedirigent for Sofia Filharmoniske Orkester
VOKALPEDAGOGAR
Solveig Kringlebotn, sopran og professor i song ved Operahøgskolen og Barratt Due Musikkinstitutt i Oslo
Kristin Okerlund, pianist og vocal coach frå Wiener Staatsoper
Hans-Otto Ehrström, pianist og vocal coach frå Finlands nasjonalopera i Helsinki
SLIK SØKJER DU
- I søknadsskjemaet legg du lenker til to opptak av sjølvvalde solostykke, pluss lenke til CV. Merk at vi berre vil ha klikkbare og ikkje passord-beskytta lenker
- Her finn du søknadsskjemaet: https://forms.office.com/r/VFCJpr41zM
STIPEND/SCHOLARSHIP
For dei som får tilbod om plass på årets akademi vil det vere muleg å søkje om økonomisk støtte i form av eit behovsprøvd stipend. Stipendet kan dekkje deler av eller heile kursavgifta – og/eller høge reisekostnader. Ikkje alle vil kunne få eit slikt stipend, men eit selektivt utval av årets akademistar.
PRIS OG SØKNADSPROSESS
- Deltakaravgift er kr 4 500,- (dele lugar)/kr 7 500 (åleine på lugar). Avgifta inkluderer all undervisning, overnatting i lugar om bord på M/S Sunnhordaland der det også blir servert tre daglege måltid. Merk at talet på enkeltlugarar er begrensa, så alle er ikkje garantert enkeltlugar.
- Eit eige søknadsgebyr på kr 300,- må betalast samtidig med innlevering av søknaden via Vipps til Bergen Nasjonale Opera nr. 132655 eller PayPal (direkte lenke)
- Søknadsfrist er 29. januar 2023 og søknadsgebyret må vere innbetalt
- Uttak blir basert på innsendte opptak
- Du får svar på søknaden din 1. mars 2023
- Dersom du får tilbod om plass vil du få fleire opplysningar om det praktiske rundt akademiet