Hopp til innhold

Opera ved fjorden - sommarakademi 2023

Er du ein ung orkestermusikar? Søk her på sommarakademiet Opera ved fjorden 2023

Bergen Nasjonale Operas sommarakademi rettar seg mot unge songarar, orkestermusikarar, dirigentar og repetitørar som er under utdanning, eller som nyleg er ferdigutdanna. Du som deltar får arbeide med dyktige pedagogar, coachar, orkestermusikarar og dirigentar - alle med erfaring frå store operahus eller symfoniorkester i Norden og Austerrike.

I årets akademiorkester skal 25 unge orkestermusikarar spele saman med 9 profesjonelle, som også fungerer som gruppeleiarar. Kursperiode for orkesteret er 27. juni – 1. juli.
(For songarar, dirigentar og repetitørar 24. juni – 1. juli.)

DETALJAR OM AKADEMISTPLASSANE

  • 25 orkesterdeltakarar fordelt på fløyte, obo, klarinett, fagott, horn, trompet, trombone, 1. og 2. fiolin, bratsj, cello, kontrabass
  • Aldersgrense: 18-30 år
  • I tillegg deltek 14 songarar, 3 dirigentar og 2 repetitørar
  • Dagleg gruppetime/orkesterprøve leia av dyktige orkesterpedagogar
  • Samspel med songarar og dirigentar frå akademiet
  • Tilbod om test-prøvespel (mock audition) med jury
  • Orkesteret spelar ariekonsert og avslutningskonsert
  • Hovudverka er 4. akt av La bohème (Puccini) og ein forkorta Flaggermusen (Strauss d.y.)

    KUNSTNERISK LEIING
    
Eivind Gullberg Jensen
    , operasjef for Bergen Nasjonale Opera og sjefdirigent for Noord Nederlands Orkest. 

    Sascha Goetzel
    , kunstnerisk leiar for Orchestre National des Pays de la Loire og National Youth Orchestra of Canada, og første gjestedirigent for Sofia Filharmoniske Orkester.

    ORKESTERPEDAGOGAR/GRUPPELEIARAR 

    1. fiolin
    : Maxim Brilinsky, gruppeleiar 1. fiolin, Wiener Philharmoniker
    2. fiolin
    : Miriam Bergset, fiolinist i Ensemble Allegria, og elles frilans musikar
    Bratsj:
    James Opie, alt. gruppeleiar bratsj, Kungliga Hovkapellet (Operan) i Stockholm
    Cello:
    Kati Raitinen, solocellist, Kungliga Hovkapellet (Operan) i Stockholm
    Kontrabass:
    Patrick Wilder, alt. solokontrabassist i Operaorkesteret, DNO&B
    Treblås:
    Karl-Heinz Schütz, solofløytist Wiener Philharmoniker
    Steffen Blindheim, solo engelsk horn og oboist i Malmö SymfoniOrkester
    Messing: Rune Brodahl, solohornist i Operaorkesteret, DNO&B

    SLIK SØKJER DU

    NYTT: stipend/scholarships:
    For dei som får tilbod om plass på årets akademi vil det vere muleg å søkje om økonomisk støtte i form av eit behovsprøvd stipend. Stipendet kan dekkje deler av eller heile kursavgifta – og/eller høge reisekostnader. Ikkje alle vil kunne få eit slikt stipend, men eit selektivt utval av årets akademistar. Praktisk informasjon om korleis ein kan søkje om eit slikt støtte-stipend vil kome samtidig med eventuelt tilbod om plass på akademiet.

    PRIS OG SØKNADSPROSESS

    • Deltakaravgift er kr 2 500,- som inkluderer all undervisning, overnatting i delt lugar om bord på M/S Sunnhordaland der det også blir servert tre daglege måltid
    • Eit eige søknadsgebyr på kr 300,- må betalast samtidig med innlevering av søknaden via Vipps til Bergen Nasjonale Opera nr. 132655 eller PayPal (direkte lenke)
    • Søknadsfrist er 29. januar 2023 og søknadsgebyret må vere innbetalt
    • Uttak blir basert på innsende opptak
    • Du får svar på søknaden din 1. mars 2023
    • Dersom du får tilbod om plass vil du få fleire opplysningar om det praktiske rundt akademiet

      Siste nyheter

      Vinn operakopp i nyhetsbrev

      Vinn unike kopper i nyhetsbrevet

      Vi starter opp igjen med konkurranse i nyhetsbrevet fra neste utgave, som kommer om to uker, der premien er helt unike operakopper.

      OVF 2022 Rehearsals 19

      Stipend for akademistar

      For dei som får tilbod om plass på årets akademi vil det vere muleg å søkje om økonomisk støtte i form av eit behovsprøvd stipend.

      Operapedagoger på skolebesøk

      Eksklusivt møte med Rusalka for skuleelevar

      Snart legg våre to operapedagogar Martina og Stian ut på turné til skular i Bergen for å guide elevane i opera generelt – og Rusalka spesielt! (Oppdatering: Kursa er no fullbooka)

      Nyttårstalen fra kongen 2023

      Rusalka i nyttårstalene

      Den neste operaforestillingen handler om kjærlighet – men også om identitet og om fellesskap, noe som var tema både hos kong Harald og statsminister Jonas Gahr Støre i nyttårstalene.