Hopp til innhold

Opera ved fjorden - sommarakademi 2023

Er du ein ung dirigent? Søk her på sommarakademiet Opera ved fjorden 2023

Bergen Nasjonale Operas sommarakademi rettar seg mot unge songarar, orkestermusikarar, dirigentar og repetitørar som er under utdanning, eller som nyleg er ferdigutdanna. Du som deltar får arbeide med dyktige pedagogar, coachar, orkestermusikarar og dirigentar - alle med erfaring frå store operahus eller symfoniorkester i Norden og Austerrike.

Kursperiode for songarar, dirigentar og repetitørar er 24. juni – 1. juli. (Kursperiode for orkesteret er 27. juni – 1. juli.)

DETALJAR OM AKADEMISTPLASSANE

  • 3 dirigentar
  • Alder for dirigentar: 18-35 år 
  • I tillegg deltek 25 orkestermusikarar, 14 songarar og 2 repetitørar
  • Som dirigentstudent får du jobbe tett med dirigentane frå den kunsteriske leiinga på både song- og orkesterprøver, og du får tilbod om å dirigere eigne stykke på konsert
  • Hovudverka er 4. akt av La bohème (Puccini) og ein forkorta Flaggermusen (Strauss d.y.). I tillegg blir det ein eigen ariekonsert

    KUNSTNERISK LEIING
    Eivind Gullberg Jensen, operasjef for Bergen Nasjonale Opera og sjefdirigent for Noord Nederlands Orkest 

    Sascha Goetzel
    , kunstnerisk leiar for Orchestre National des Pays de la Loire og National Youth Orchestra of Canada, og første gjestedirigent for Sofia Filharmoniske OrkesteR

    VOKALPEDAGOGAR
    Solveig Kringlebotn, sopran og professor i song ved Operahøgskolen og Barratt Due Musikkinstitutt i Oslo 
    Kristin Okerlund, pianist og vocal coach frå Wiener Staatsoper 
    Hans-Otto Ehrström, pianist og vocal coach frå Finlands nasjonalopera i Helsinki 

    ORKESTERPEDAGOGAR/GRUPPELEIARAR
    1. fiolin
    : Maxim Brilinsky, gruppeleiar 1. fiolin, Wiener Philharmoniker
    2. fiolin
    : Miriam Bergset, fiolinist i Ensemble Allegria, og elles frilans musikar
    Bratsj:
    James Opie, alt. gruppeleiar bratsj, Kungliga Hovkapellet (Operan) i Stockholm
    Cello:
    Kati Raitinen, solocellist, Kungliga Hovkapellet (Operan) i Stockholm
    Kontrabass:
    Patrick Wilder, alt. solokontrabassist i Operaorkesteret, DNO&B
    Treblås
    Karl-Heinz Schütz, solofløytist Wiener Philharmoniker
    Steffen Blindheim, solo engelsk horn og oboist i Malmö SymfoniOrkester
    Messing
    Rune Brodahl, solohornist i Operaorkesteret, DNO&B

    SLIK SØKJER DU

    NYTT: STIPEND/SCHOLARSHIP
    For dei som får tilbod om plass på årets akademi vil det vere muleg å søkje om økonomisk støtte i form av eit behovsprøvd stipend. Stipendet kan dekkje deler av eller heile kursavgifta – og/eller høge reisekostnader. Ikkje alle vil kunne få eit slikt stipend, men eit selektivt utval av årets akademistar. Praktisk informasjon om korleis ein kan søkje om eit slikt støtte-stipend vil kome samtidig med eventuelt tilbod om plass på akademiet.

    PRIS OG SØKNADSPROSESS

    • Deltakaravgift: kr 5000 (dele lugar)/kr 8000 (åleine på lugar) som inkluderer all undervisning og overnatting ombord på M/S Sunnhordaland der det også blir servert tre daglege måltid. Merk at talet på enkeltlugarar er begrensa, så alle er ikkje garantert enkeltlugar.
    • Eit eige søknadsgebyr på kr 300,- må betalast samtidig med innlevering av søknaden via Vipps til Bergen Nasjonale Opera nr. 132655 eller PayPal (direkte lenke)
    • Søknadsfrist er 29. januar 2023 og søknadsgebyret må vere innbetalt
    • Uttak blir basert på innsendte opptak
    • Du får svar på søknaden din 1. mars 2023
    • Dersom du får tilbod om plass vil du få fleire opplysningar om det praktiske rundt akademiet

    Siste nyheter

    Vinn operakopp i nyhetsbrev

    Vinn unike kopper i nyhetsbrevet

    Vi starter opp igjen med konkurranse i nyhetsbrevet fra neste utgave, som kommer om to uker, der premien er helt unike operakopper.

    OVF 2022 Rehearsals 19

    Stipend for akademistar

    For dei som får tilbod om plass på årets akademi vil det vere muleg å søkje om økonomisk støtte i form av eit behovsprøvd stipend.

    Operapedagoger på skolebesøk

    Eksklusivt møte med Rusalka for skuleelevar

    Snart legg våre to operapedagogar Martina og Stian ut på turné til skular i Bergen for å guide elevane i opera generelt – og Rusalka spesielt! (Oppdatering: Kursa er no fullbooka)

    Nyttårstalen fra kongen 2023

    Rusalka i nyttårstalene

    Den neste operaforestillingen handler om kjærlighet – men også om identitet og om fellesskap, noe som var tema både hos kong Harald og statsminister Jonas Gahr Støre i nyttårstalene.