Opera ved fjorden - sommarakademi 2022
Vi søkjer unge songarar, instrumentalistar, dirigentar og repetitørar til sommarakademiet Opera ved fjorden, der m.a. einaktaren Gianni Schicchi skal framførast 2. juli.
Står du på spranget til å bli ein profesjonell operasongar, instrumentalist, dirigent eller repetitør? Ynskjer du scene-erfaring, og praktiske og musikalske tips frå anerkjende fagfolk som jobbar med opera til dagleg?
Bergen Nasjonale Opera gjentar suksessen frå pilotprosjektet i fjor, og arrangerer no eit nytt og større sommarakademi laurdag 25. juni – laurdag 2. juli 2022, som blir avslutta med ein konsert i Oseana kunst- og kulturhus 2. juli. Songarane, dirigentane og repetitørane startar kurset 25. juni, medan instrumentalistane i akademiorkesteret startar litt seinare, dvs 28. juni.
I år jobbar vi spesielt med den muntre einaktaren Gianni Schicchi av Puccini saman med regissøren Ivar Tindberg, men også med ulike ensemble og sjølvvalde ariar.
Er du songar? Klikk her for å søkje / Frist 15. februar 2022
Er du repetitør? Klikk her for å søkje / Frist 1. mars 2022
Er du dirigent? Klikk her for å søkje / Frist 1. mars 2022
Er du instrumentalist? Klikk her for å søkje / Frist 1. april 2022
Bergen Nasjonale Operas sommarakademi rettar seg mot unge songarar, instrumentalistar, dirigentar og repetitørar over 18 år som er under utdanning, eller som nyleg er ferdigutdanna. Du som deltar får arbeide med dyktige pedagogar, coachar, orkestermusikarar og dirigentar - alle med erfaring frå store operahus eller symfoniorkester verda over.
Det spesielle med vårt akademi er at songarane får synge med orkester, både scenisk og som konsertsongarar. Undervisninga blir sett inn i ein større samanheng der fleire sider enn det reint vokale blir berørt.
Dei to dirigentstudentane får ein komplett opplæringspakke i det å vere operadirigent, med både rettleia songar- og orkesterprøver, samt ansvar for eige repertoar på avslutningskonserten.
I årets akademiorkester skal 24 unge instrumentalistar få spele saman med 9 profesjonelle, som også fungerer som gruppeleiarar.
For instrumentalistane blir det også lagt opp til individuell
undervisning i orkesterutdrag frå operalitteraturen, pluss tilbod om eit
test-prøvespel (mock audition), med alle lærararane som «jury». Her får
du ein unik sjanse til å få ærlege og konstruktive tilbakemeldingar,
som du aktivt kan lære av og jobbe med, før du skal ut på
arbeidsmarknaden og delta i reelle prøvespel. Meir informasjon om
test-prøvespelet får du seinare, dersom du får plass som akademist.
KUNSTNERISK TEAM
Kunstnerisk leiing:
Eivind Gullberg Jensen, operasjef for Bergen Nasjonale Opera og sjefdirigent for Noord Nederlands Orkest
Sascha Goetzel, påtroppande kunstnerisk leiar for Orchestre National des Pays de la Loire og National Youth Orchestra of Canada, og første gjestedirigent for Sofia Filharmoniske Orkester
Vokalpedagogar:
Solveig Kringlebotn, sopran og professor i song ved Operahøgskolen og Barratt Due Musikkinstitutt i Oslo
Michael Schade, tenor og professor ved Universität für Musik und darstellende Kunst i Wien
Kristin Okerlund, pianist og vocal coach frå Wiener Staatsoper
Hans-Otto Ehrström, pianist og vocal coach frå Finlands nasjonalopera i Helsinki
Orkesterpedagogar:
1. fiolin: Lars Bjørnkjær, konsertmeister i Det Kongelige Kapel i København.
2. fiolin: Alexander Chojecki, gruppeleder 2. fiolin, GöteborgsOperan
Bratsj: James Opie, alt. gruppeleiar bratsj, Kungliga Hovkapellet (Operan) i Stockholm
Cello: Kati Raitinen, solocellist, Kungliga Hovkapellet (Operan) i Stockholm
Kontrabass: Patrick Wilder, alt. solokontrabassist i Operaorkesteret, Den Norske Opera & Ballett
Treblås:
Karl-Heinz Schütz, solofløytist Wiener Philharmoniker
Steffen Blindheim, solo engelsk horn og oboist i Malmö SymfoniOrkester
Messing:
Rune Brodahl, solohornist i Operaorkesteret, Den Norske Opera & Ballett
Pauker: Manuel Hofstätter, paukist i Bergen Filharmoniske Orkester
TID OG STAD
Dato:
25. juni – 2. juli: Songarar, dirigentar og repetitørar
28. juni – 2. juli: Instrumentalistar i akademiorkesteret
Kurs- og konsertstad: Oseana kunst- og kultursenter, sør for Bergen
Overnatting: Veteranbåten M/S Sunnhordland. Med kort gangavstand til Oseana.
Avslutningskonserten blir kl 18:00 laurdag 2. juli
Det er mogeleg å overnatte til søndag 3. juli, med frukost før avreise.
ALDERSGRENSE OG DELTAKARAVGIFT
Alder for songarar: 18-32 år
Deltakaravgift for songarane: NOK 4500 (dele lugar)/ NOK 7500 (åleine på lugar)
Alder for repetitørar: 18-35 år
Deltakaravgift for repetitørane: NOK 4500 (dele lugar)/ NOK 7500 (åleine på lugar)
Alder for dirigentar: 18-35 år
Deltakaravgift for dirigentane NOK 5000 (dele lugar) / NOK 8000 (åleine på lugar)
Alder for instrumentalistar i akademiorkesteret: 18-30 år
Deltakaravgift for instrumentalistane NOK 2500 (dele lugar)
Inkluderer all undervisning, overnatting og tre måltid per dag.
Merk at talet på enkeltlugarar er begrensa, så alle er ikkje garantert enkeltlugar.
KORLEIS SØKJER DU
Du skal fylle ut dette søknadsskjemaet
Merk at alle som søkjer på sommarakademiet må betale eit søknadsgebyr på NOK 300 via Vipps til Bergen Nasjonale Opera nr 132655 eller PayPal (direkte lenke) når dei sender inn søknaden. Jf. eige punkt i søknadsskjemaet.
Songarar:
Vi tilbyr plassar til 14 songarar.
I søknadsskjemaet legg du lenker til opptak av to sjølvvalde ariar i forskjellige stilartar, pluss CV.
Dirigentar:
Vi tilbyr plass til 2 dirigentar.
Du sender inn søknadsskjemaet med lenke til CV.
I søknadsskjemaet legg du lenker til 1-2 videoopptak, pluss lenke til CV.
Repetitørar:
Vi tilbyr plass til 2 repetitørar.
Du sender inn søknadsskjemaet med lenke til CV.
I søknadsskjemaet legg du lenker til 1-2 videoopptak, pluss lenke til CV.
Instrumentalistar:
Vi tilbyr 24 plassar i årets akademiorkester
Fiolin: 9 plassar
Bratsj: 3 plassar
Cello: 2 plassar
Kontrabass: 1 plass
Fløyte: 1 plass
Obo: 1 plass
Klarinett: 2 plassar
Fagott: 2 plassar
Horn: 1 plass
Trompet: 2 plassar
I søknadsskjemaet legg du lenker til opptak av eit sjølvvalt solostykke og 1-2 korte orkesterutdrag frå operalitteraturen, pluss lenke til CV.
Her finn du lista over PDFar for kvart instrument med orkesterutdraga du skal velje frå
OM VIDEOANE
Merk at vi berre vil ha klikkbare og ikkje passord-beskytta lenker som fører direkte til ein video du har spelt inn, og deretter lasta opp på YouTube eller liknande. Du kan altså IKKJE leggje ved video-filer som må lastast ned.
OPPTAK OG STØTTEORDNINGAR
Det finst ulike økonomiske støtteordningar både nasjonalt og regionalt, så sjekk for eksempel hos Kulturrådet, og hos kulturavdelinga i kommunen din.
Har du spørsmål om akademiet? Kontakt nicolai(AT)bno.no
Opera ved fjorden - Sommarakademi blir arrangert av Bergen Nasjonale Opera i samarbeid med Oseana kunst- og kultursenter, og er støtta av Grieg Foundation, Sparebankstiftelsen DnB, Talent Norge, Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest og GC Rieber Fondene.
Med atterhald om endringar, også pga korona-situasjonen.